In the Army Now Studioalbum av Status Quo | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. august 1986 | |
Innspelt | 1985-1986 | |
Studio | Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire og Jacobs Studios i Surrey | |
Sjanger | ||
Lengd | 47:13 | |
Selskap | Vertigo | |
Produsent | ||
Status Quo-kronologi | ||
---|---|---|
Back to Back (1983) |
In the Army Now | Ain't Complaining (1988)
|
Singlar frå In the Army Now | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Kerrang! | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
In the Army Now er det 17. studioalbumet av det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut 29. august 1986 av Vertigo Records. Det vart innspelt i Chipping Norton Recording Studios i Oxfordshire og Jacobs Studios i Surrey, og var det første albumet deira med besetninga som oppstod etter Live Aid, med bassisten Rhino Edwards og trommeslagaren Jeff Rich, som begge kom inn i bandet i mars 1986.[3]
«Eg var blitt fortalt at ingen i selskapet var interesserte i Quo med [bassist Alan] Lancaster og [gitarist Rick] Parfitt» fortalte frontmannen Francis Rossi. «Dei ønskte Parfitt og meg. Eg fekk òg vite at med mindre me gjorde noko i lag, så måtte me betale attende dritmykje pengar… Eg gjorde det heilt klart at eg ikkje kom til å spele med Lancaster igjen, men åtvara oss om at han kom til forby oss å fortsette utan han. Og då me vann gjekk han heilt bananas.»[4]0 Albumet inneheld ein versjon av «In the Army Now», som først vart spelt inn i 1981 av den nederlandske duoen Rob and Ferdi Bolland, og «Speechless», av den tidlegare Mott the Hoople-songaren Ian Hunter frå 1983 på albumet All of the Good Ones Are Taken.
«Tittelsporet var veldig bra», sa Parfitt seinare om albumet, «men det hadde for mykje fyllmasse.»[5]
|format=
requires |url=
(hjelp). Status Quo. London: Mercury Records (983 412-5). s. 2.